HANDEL OG VAREBYTTE
Gardbrukarane ute ved kysten og inne i fjordbygdene hadde alle, i større eller mindre grad, behov for å skaffe seg korn. Nokre bygder var meir sjølvforsynte enn andre, Stranda hadde t.d. nok korn sjølv i gode år. Her var det sjølvsagt òg variasjonar frå gardsbruk til gardsbruk. Dårlege år auka naturlegvis talet på dei som måtte kjøpe korn. Kjøpevarene vart betalt med husdyrprodukt eller fisk. Brennevin, salt og humle var varer dei kjøpte hos handelsmannen. Seinare kom "luksusvarer" som kaffi, tobakk, sukker, sirup, krydder, margarin og fint kveitemjøl og rugmjøl. Bytehandel var det og mellom fjordafolk og øyafolk. Fjordfolka bytte til seg fisk og sild for smør, ost og husflidsprodukt av tre, dreide bollar, kaser, tønner, garnkavler, bøtter, stampar og rokkar. - Bytehandel mellom produsentar var tillatt etter loven. Næraste marknaden etter at Borgundkaupangen vart vekke i seinmiddelalderen var Romsdalsmarknaden. Den naturlege møtestaden for det meste av varebyte var alle sunda i Borgund, og frå 1824, Ålesund. Handelsferd til Bergen og Trondheim var vanleg. Fleire bønder i bygdelag rusta seg til bytur og frakta varer med eigne jekter.

KVARDAGSMAT
Vanleg brødmat, flatbrød, potetkaker og sveler var typisk kvardagskost. Til pålegg var det til dømes sirup, sukker, og syltety. Spekesild, fersk fisk og tørka fisk vart mykje brukt til middagsmat, like eins klubb. Dette er det same som raspeball; kokte "bollar" av raspa poteter, mjøl og salt.
Inni skulle det helst vere fleskebitar.


POTETRASP (c) Oskar Andersen

Poteta vart vanleg i kosthaldet frå omlag 1820. Potetballen, den store mjøltjuven, var laurdagskost, laga av potet og grynmjøl, kokt i kjøtkraft. Til potetball raspa dei rå potet med trerasp.

Kvinnene sto føre det daglege matstellet. Det var deira oppgåve å sjå til at matlageret rakk året igjennom. Måltida veksla etter arbeidsmengda.
Om sommaren var det oftast fem måltid, om vinteren fire.

I Norddalen var kvardagskosten slik sommarstida i 1850-åra:
05.00 Førefrukost - potetkake med litt geitasmør.
08.00 Frukost - Supe av salt kjøt og flesk med erter og gryn. Potet og flatbrød.
12.00 Middag - Dravle eller potetball med kjøt, flesk eller smør. Skjør til drikke.
17.00 Non - Spekesild og flatbrød, skjør.
20.00 Kveldsmat - byggmjølsgraut

Vinterstid var kvardagskosten slik:
08.00 Frukost - mjølkesuppe, "blendsupe" med ein brødbete til.
12.00 Middag - salt kjøt, kokt med gryn og erter og skrella potet, såkalla "supe". Det kunne og vere salt fisk til middag. Fersk fisk og kams hadde dei når det var fisk i fjorden. Potetball var ofte laurdagsmiddag.
17.00 Non - Soppe (brød oppbløytt i surmjølk). Potetkake og skjør. Blodball.
20.00 Kveldsmat - Graut og skjør. Potet med ein bete kjøt, flesk eller sild til, og skjør til drikke.

Navnene på potetballer er mange, kompe, komle, raspeball, raspekake, krumme, klubb, klot, kams.Dette beskrives i boken:"i Ganens makt", her nevnes at kumlene i alle fall var godt kjent i Stavanger på 1600-tallet. Da ble ordet "kumle" allerede brukt som en nedsettende betegnelse på "små, tykke menn". Dette har jeg funnet i en ordliste fra Stavanger nedtegnet i 1698.
Der er kumler definert slik: "små melboller som has i suppen". Dette var jo lenge før potetene kom, så til den opprinnelige kumle ble det altså ikke brukt poteter........?

 

| HISTORIE | OPPSKRIFTER | KOMLEGUIDEN | LINKER | KOMLEPOESI |

SEND KOMLEPOST LINKER KOMLEGUIDEN OPPSKRIFTER HISTORIE HOVEDSIDEN